Vi må ta oss ein alvorsprat!

Vi må ta oss ein alvorsprat! Vi må snakke om barn og religion.

For nokre dagar sidan, synte TV2 utdrag frå møte i menigheita Visjon Norge. Reaksjonane på det vi får sjå er – ikkje overraskande – delte. Forsvararane løftar fanen for religionsfriheit, medan avhopparar og forskarar fortel om frykt og psykiske etterverknader. Sjølv kjenner eg på ei vond blanding av sinne og maktesløyse.

I barnekonvensjonens artikkel 19 står det:

Partene skal treffe alle egnede lovgivningsmessige, administrative, sosiale og opplæringsmessige tiltak for å beskytte barnet mot alle former for fysisk eller psykisk vold, skade eller misbruk, vanskjøtsel eller forsømmelig behandling, mishandling eller utnytting, herunder seksuelt misbruk, mens en eller begge foreldre, verge(r) eller eventuell annen person har omsorgen for barnet.

barneombodet sine nettsider er det lagt ut døme på kva foreldre kan gjere som kan kallast psykisk vald. Det eine dømet er at dei skremmer eller truar ungane sine. Eg er ikkje i tvil om at ungar blir skremde av å vere med på slike ting som vi ser i TV2-klippet. Og det er foreldra som utsett dei for dette.

Dagbladet gjorde meg for ei stund sidan merksam på dei norske nettsidene til Jehovas vitne, der dei har lagt ut videoen Èn mann og èn kvinne. Denne animasjonsfilmen er retta mot ungar, og bodskapen er at homofili er synd – og at ungane skal bidra til å omvende homofile. Det er rett og slett vaksne som oppmodar ungar til å delta i diskriminering og mobbing! Vi kan ikkje avfeie dette med at det kjem frå ei lita og ekstrem sekt, for vi ser stadige døme på at dette er vanleg oppfatning innafor dei kristne miljøa – og det er ikkje berre blant dei eldre dette er den rådande oppfattinga. I Aftenpostens Si ;D-spalte er Maria (20) klokkeklar i bodskapen sin om at homofili er synd. På sondagsskolen.no kan vi lese at dei «ønsker å belyse begreper som «synd» og «Guds plan»», så vi kan vel rekne med at dei allereie der sår frykt i ungane.

Eg meiner sjølvsagt folk skal få tru på dei eventyra dei vil – anten dei handlar om gudar eller om spøkelse, men eg kan ikkje akseptere at eventyra blir brukte til å skremme ungane, eller til å undergrave den forskingsbaserte kunnskapen dei får tilgang til gjennom utdanningssystemet vårt.

Forsking har synt at ungar av religiøse foreldre er dårlegare enn andre ungar til å skilje mellom fantasi og verkelegheit. I eit doktorgradsarbeid frå 2012 kjem det fram at det er så godt som umogleg for staten å handheve ungar sin rett til trus- og livssynsfriheit, med mindre ungane sjølv melder frå til barnevernet. Dei færraste ungar vil gå til eit slikt steg, og vi bør ikkje la dette vere det einaste alternativet. Lesarinnlegget frå 12-åringen som kjenner seg manipulert etter å ha gått i ein religiøs barnehage, er eit klart teikn på at forskarane og dei unge er einige. Skal vi likevel la foreldra få sitte med definisjonsmakta?

Dei aller fleste religiøse foreldre handlar nok i god tru. Det gjorde foreldre som for nokre generasjonar sidan «slo fornuft inn i ungane» òg. Gjennom målretta opplysingsarbeid har vi i dag ein kollektiv motstand mot fysisk avstraffing. No er det på tide vi gjer ein innsats for overgrep av det psykiske slaget. Første steg er å forby all religionsutøving i barnehagar og skular. Punkt a) i friskolelova sin § 2-1.Godkjenning av skolar må ut. La ungar vere ungar – nysgjerrige på livet, vitskapen og eventyr. Vi må slutte å teikne mørke skyer av religion i horisonten deira!

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Sund fornuft

Fjør i tida

Alt var betre
fjør
då gras var gras
som var grønare
på den andre sida
var nok ikkje alt betre
fjør

image

Kommenter innlegget

Filed under Dikt, Sund fornuft

Søndagssyslar styrt av Sund fornuft

Søndagsmorgonen byr på sol
Solstad gir liv til Elias Rukla – side for side
Syrleg sitronmarmelade på rista brød

himmel

Søndag føremiddag
spasertur med solbriller – skritt for skritt,
smørblomsten skin om kapp med smilande fotgjengarar

solbriller

blomar

Søndagstur med vitebegjærleg son
slukkar tørsten – spørsmål for spørsmål
svara frå mamma sett spor og syner veg

joggesko

veg

Søndagsmiddag
samtale over god mat – setning for setning
sitronskiver på ørreten og Sancerre i glaset

Søndagskvelden snik seg innpå
solnedgang teiknar lange skuggar – sekund for sekund
somnen kjem snikande og sett punktum for søndagssyslane

solnedgang

Kommenter innlegget

Filed under Dikt, Sol, Sommar, Sund fornuft

Påsketur

«Ingenting er som påsketur» syng Øystein Sunde.

Det er mykje sant i det!
Påska ligg liksom midt mellom vinter og vår – slik at vi kan velje å leggje påsketuren til den årstida vi liker best.
Eg gjer som Bjørnstjerne Bjørnson:

Jeg velger meg april

I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,
-dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.
Jeg velger meg april,
fordi den stormer, feier,
fordi den smiler, smelter,
fordi den evner eier,
fordi den krefter velter,
-i den blir somren til!

IMG_1750

IMG_1639

IMG_1635IMG_1753IMG_1775

IMG_1745

11141644_10152797284961406_1117306622_o

Nyt våren, folkens!

2 kommentarar

Filed under Dikt, Songtekstar, Sund fornuft

Nye kort på handa

Det blir lysare og varmare.
Ute.
Og inni meg!

For kan hende blir det utdelt
nye kort hver vår
til dem som tør å prøve lykken
enda et år

Frå Vår i meg av Anne Grete Preus

Den første kaffikoppen i solveggen på verandaen.
Den første softisen medan ein ruslar nedover Nordre i vårsol.
I småsko.

Snøklokkene har ringt våren inn, og uansett om sola skulle finne på å leike gjømsel:
Det er vår!
La oss prøve lykka i år òg!


IMG_1616

Galanthus nivalis

Kommenter innlegget

Filed under Sund fornuft

Ved vegskilje

Berre tida og vegen.

Tida.
Og vegen.
Fortida er trygt plassert attom oss – godt synleg om vi berre ser oss attende.
Framtida ligg rundt ein sving, så vi veit ikkje korleis ho ser ut.
Likevel er det dit vi skal.
Rundt svingen.
Inn i framtida.

Kanskje tida tek innersvingen på oss?
Eller kanskje nokon tek oss att der vi går?

Så gikk je sakte hemover, hæin nådde meg på vegen.
Vi gikk som vi var børrføtte mot livets hemlighet.
Vi leides gjønnom skauen med to like redde hender.
Vi sa itte et kløyva ord, men neiggu om vi gret.

Om mårån sku vi skjeljas i et kors ved vegaskjellet,
Og lykka kæin en itte ha i æill evindlighet.
Je bære såg i aua på’n og så såg hæin i mine.
Det var som dogg i måråsol, men neiggu om vi gret.

Frå Trassvisa hennes Tora av Alf Prøysen

Ta deg tid når du kjem til vegskilje.

Løft blikket.
Det er berre tida og vegen.
Og du.
Veg kryssar veg.
Tida står stille.
Det er du som må ta vegvalet.
Er du sikker på kva som er rett veg?
Det er fort gjort å ta feil – og då kan det gå rett vest…

rettvest

P.S.
Ta ein titt på skilta ved vegskiljet!

Kommenter innlegget

Filed under Songtekstar, Sund fornuft

På sidelinja

IMG_1412

Kaffien i pappkruset er omtrent like sur som lukta i rommet.

Og kald.

IMG_1417

Eg er òg kald.

Og eg er plassert på sidelinja.

ball

Der ligg det òg ein ball som ingen har fanga opp.

Er det ikkje slik det ofte er i livet?

– Og i Charlottenlundhallen!

IMG_1420

Handball er eit spel med oppturar og nedturar.

Som livet.

Livet æ eit spel du må spela i.
Det æ upp te deg koss du tolka rolla di.

Frå Eg gløymer deg aldri (Hellbillies). Tekst: Arne Moslåtten

Rolla mi, ja…

I livet vil eg ha hovudrolla! Der skal ingen få sette meg på sidelinja!

Men i handballhallen – der stortrivst eg på sidelinja!

Kommenter innlegget

Filed under Songtekstar, Sund fornuft