Sund fornuft – mot all sunn fornuft

Denne helga var eg på Nasjonalt film- og fototreff 2013. Som venta, gav dette påfyll og inspirasjon. Det uventa var resultatet av inspirasjonen. Det var mange flotte innlegg på treffet. Det aller flottaste var Lars Andreas Dybvik sine «Tanker om bilder og bilder om tanker». Vi var mange som hadde klump i halsen og uskarpt blikk då lyset kom på. Plutseleg fikk uskarp.no ei ny tyding!

Skal du fotografere, så ta bilde av noko som er viktig for deg – viss ikkje kan du like gjerne la vere å ta bilde!

Sitatet over er fritt etter Lars Andreas Dybvik.
Kva er det som er viktig for meg? Kan eg like gjerne la vere å ta bilde? Tankane surrar i hovudet. All sunn fornuft tilseier at når eg nett har opplevd at ord og bilde kan få ein heil sal fylt av fotointeresserte menneske til å få tårer i augo, bør ein definitivt ikkje prøve seg på fikling med ord og bilde. Det kan Lars Andreas gjere. Det er han som kan det!

Lars Andreas kan meir enn å presentere tankar og bilde. Han kan inspirere! Eg hadde lenge ruga på eit egg (eller var det ein blogg?) i den mentale rugekassa mi. Lars Andreas fikk egget til å klekke! Og Sund fornuft strir mot all sunn fornuft. Derfor vil denne bloggen bli fylt av ord og bilde som saman fortel historier. Kanskje ikkje viktige historier i den store samanhengen, men historier som likevel kan bety noko for nokon. Om ikkje anna så for meg. Ein kort augneblink – som ei såpeboble. Sund fornuft. Sjå og les – om du vil..

ImageImage

Advertisements

2 kommentarar

Filed under Sitat, Sund fornuft

2 responses to “Sund fornuft – mot all sunn fornuft

  1. Hei! Så flott at du fikk noe ut av det jeg viste. Ikke noe gleder meg mer. Stå på videre 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s