På ordklassereise

Ord…
Ta eit ord og grip tak i det.
Ordtak? Skriv dei i ei bok.
Det blir vel ei ordbok det, då?
Eg gir heller ordet til nokon som kan dette med ord!
– for Gode Ord Dør Sist!

Bilde

Ingenting e absolutt, læll ende æ opp med merkelapp te slutt.
Æ e drittlei, av at det itj e mitt hei, men ordan fra en båssatt gutt.
Ingenting e absolutt. Læll ende æ opp med merkelapp te slutt.
Gode Ord Dør Sist (GODS)

Bilde

Gode ord dør sist
Gode ord er viktig tankegods å ta vare på!
Store ord, små ord, skeive ord…
Og ikkje eit skeivt ord om tomme ord
– tombola, tomtebrygg og tomprat!

Ord…
Berre ord, seier du?
Ord er byggeklossar vi kan leike med
– eller bygge fagre løfter med.
Pass på – bygg forsiktig og stødig!
Eller vil du heller bruke penn og paipr – som Åge?

Penn og papir, en bokstav blir til ord
Ei linje som skrives flyg ut på vår jord
Et kjærlighetsdikt, en tanke, liten og stor
Ei lenke så sårbar, bokstav og ord
Frå «Penn og papir» av Åge Aleksandersen

Og penna mi ho fer no så forsiktig
for store ord dæm passe itj for dæ
Gode ord som æ meint heilt oppriktig
Æ tør å søng at æ e glad i dæ
Frå «Skin sola» av Åge Aleksandersen

Ord…
Av og til blir dei hengande
i lufta – eller på kjøleskapet!

Bilde

Bilde

Tek du utfordringa?

Andre gongar duvar orda på Åge sine musikalske bølger:

Æ satt spor i sand, æ skreiv ord i vann
æ e ein konge uten land
Ett tre uten rot, æ e feig og fylt av mot
han som kom, han som forlot
Frå «Alkymisten» av Åge Aleksandersen

Bilde

Ord…
Ja, dei sett spor!
– slik som Halldis Moren Vesaas sine Ord over grind

Du går fram til mi inste grind,
og eg går óg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam,
og det skal vi alltid bli.

Aldri trenge seg lenger fram,
var lova som galdt oss to.
Anten vi møttes tidt eller sjeldan
var møtet tillit og ro.

Står du der ikkje ein dag eg kjem
fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset
og tenkt at der bur du.

Så lenge eg veit du vil koma iblant
som no over knatrande grus
og smile glad når du ser meg stå her,
skal eg ha ein heim i mitt hus.

Det får vere nok både vis- og våsdomsord for denne gongen.
Takk for ordskiftet!

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Dikt, Songtekstar, Sund fornuft

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s