Vintersolkverv

Vintersolkverv. Det er vinter, sola var innom ein svipptur – og det er mykje som kvervlar rundt. Ofte kvervlar det til dømes store snøfiller i lufta på denne tida av året. Andre gongar er det hybelkaninar som kvervlar i takt med vaskefilla til alle som vaskar opp og ned og att og fram og rundt i desse dagar. Akkurat no er det stort sett ord som kvervlar rundt og gjer forsøk på å bli til Sund fornuft. Det let seg visst ikkje gjere,

…for nå kommer du og jeg og dompapen, heisan og hopsan og trallala

Alf Prøysen

– og vi vil gjerne tralle ei

Vise ved vintersolkverv

No sløkkes en dag som så vidt rakk å gråne
og vise fram landet ei skjømmingsblå stund,
og gjømt attom fjellan i aust står en måne
som snart skal strø sølv over fjorda og sund,
i sør ligg ei strime av lys over tindan
der dagen blør ut før han slokne førr godt,
og vi står igjen med oss sjøl og med minnan
i mørketidslyset der allting blir blått

Så kom og vær nær meg – vær sol i desember
når midtvinters-tanka tar rom i mitt sinn,
førr året må følle sin kurs og kalender
og stian blir tungtrødd når lyset førsvinn.
Men hold meg i handa og lær meg å vente
på solkvervingstimen då allting skal snu,
i mørketidslyset e varme å hente
førr den som har mot tel å trosse og tru

Ja, streif mine strenga og løys i meg tonen
tel landet som kvile ved midtvinterstid,
la mørketids-tankan og haust-depresjonen
få vike førr strofe av blå poesi.
Vi leve med rest av en sommar i minne,
i lengting mot daga vi ikkje har fått,
men kjem du meg nær skal vi solvarmen finne
i mørketidslyset der allting blir blått.

Helge Stangnes

Jul2

Advertisements

Éin kommentar

Filed under Dikt, Jul, Sitat, Sol, Songtekstar, Sund fornuft, Vinter, Vintersolkverv

One response to “Vintersolkverv

  1. Ola

    Koseleg å sjå bilder, ord og refleksjonar. Du er dugande.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s