Vi må ta oss ein alvorsprat!

Vi må ta oss ein alvorsprat! Vi må snakke om barn og religion.

For nokre dagar sidan, synte TV2 utdrag frå møte i menigheita Visjon Norge. Reaksjonane på det vi får sjå er – ikkje overraskande – delte. Forsvararane løftar fanen for religionsfriheit, medan avhopparar og forskarar fortel om frykt og psykiske etterverknader. Sjølv kjenner eg på ei vond blanding av sinne og maktesløyse.

I barnekonvensjonens artikkel 19 står det:

Partene skal treffe alle egnede lovgivningsmessige, administrative, sosiale og opplæringsmessige tiltak for å beskytte barnet mot alle former for fysisk eller psykisk vold, skade eller misbruk, vanskjøtsel eller forsømmelig behandling, mishandling eller utnytting, herunder seksuelt misbruk, mens en eller begge foreldre, verge(r) eller eventuell annen person har omsorgen for barnet.

barneombodet sine nettsider er det lagt ut døme på kva foreldre kan gjere som kan kallast psykisk vald. Det eine dømet er at dei skremmer eller truar ungane sine. Eg er ikkje i tvil om at ungar blir skremde av å vere med på slike ting som vi ser i TV2-klippet. Og det er foreldra som utsett dei for dette.

Dagbladet gjorde meg for ei stund sidan merksam på dei norske nettsidene til Jehovas vitne, der dei har lagt ut videoen Èn mann og èn kvinne. Denne animasjonsfilmen er retta mot ungar, og bodskapen er at homofili er synd – og at ungane skal bidra til å omvende homofile. Det er rett og slett vaksne som oppmodar ungar til å delta i diskriminering og mobbing! Vi kan ikkje avfeie dette med at det kjem frå ei lita og ekstrem sekt, for vi ser stadige døme på at dette er vanleg oppfatning innafor dei kristne miljøa – og det er ikkje berre blant dei eldre dette er den rådande oppfattinga. I Aftenpostens Si ;D-spalte er Maria (20) klokkeklar i bodskapen sin om at homofili er synd. På sondagsskolen.no kan vi lese at dei «ønsker å belyse begreper som «synd» og «Guds plan»», så vi kan vel rekne med at dei allereie der sår frykt i ungane.

Eg meiner sjølvsagt folk skal få tru på dei eventyra dei vil – anten dei handlar om gudar eller om spøkelse, men eg kan ikkje akseptere at eventyra blir brukte til å skremme ungane, eller til å undergrave den forskingsbaserte kunnskapen dei får tilgang til gjennom utdanningssystemet vårt.

Forsking har synt at ungar av religiøse foreldre er dårlegare enn andre ungar til å skilje mellom fantasi og verkelegheit. I eit doktorgradsarbeid frå 2012 kjem det fram at det er så godt som umogleg for staten å handheve ungar sin rett til trus- og livssynsfriheit, med mindre ungane sjølv melder frå til barnevernet. Dei færraste ungar vil gå til eit slikt steg, og vi bør ikkje la dette vere det einaste alternativet. Lesarinnlegget frå 12-åringen som kjenner seg manipulert etter å ha gått i ein religiøs barnehage, er eit klart teikn på at forskarane og dei unge er einige. Skal vi likevel la foreldra få sitte med definisjonsmakta?

Dei aller fleste religiøse foreldre handlar nok i god tru. Det gjorde foreldre som for nokre generasjonar sidan «slo fornuft inn i ungane» òg. Gjennom målretta opplysingsarbeid har vi i dag ein kollektiv motstand mot fysisk avstraffing. No er det på tide vi gjer ein innsats for overgrep av det psykiske slaget. Første steg er å forby all religionsutøving i barnehagar og skular. Punkt a) i friskolelova sin § 2-1.Godkjenning av skolar må ut. La ungar vere ungar – nysgjerrige på livet, vitskapen og eventyr. Vi må slutte å teikne mørke skyer av religion i horisonten deira!

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Sund fornuft

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s