Grått nytt år

Hei, du!
Deg har eg ikkje møtt før.

Eg står på trappa til det nye året som flytta inn i nabolaget mitt i natt og har nett banka på døra.
Vi er visst litt grå begge to – eg i håret, året i vêret. Det er ikkje så farleg. Kanskje grått er «hot» i år?

Velkomen inn!
Eg har 365 tomme rom. Vil du fylle dei med fargar for meg?

Det er freistande å hente fram att Alf Prøysen sine ord om blanke ark og fargestifter, men det skal eg la vere.
Eg har bestemt meg for å teikne dagane i 2015 med lys.

Ordet fotografi kommer fra gresk og består av ordene φῶς (phos) som betyr lys og γραφή (graphê) som betyr tegning. Sammen forstås de som å tegne med lys eller lystegning.

Wikipedia

Det vart ikkje dokumentert noka Sund fornuft i 2014. Ikkje vart det fotografert noko særleg heller. No er døra inn til 2015 opna.
Nye dagar og mogleikar ligg på rekke og rad framom oss. Planen er å gripe dei!

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Sund fornuft

På tampen brenn…

…himmelen!

Image

Men mest av alt brenn vi av tusenlapp på tusenlapp på tampen av året.

Image

Vi gjer opp status for året som har gått – og pussar støv av gamle nyttårsforsett.

Kanskje bør vi heller fram hente fram Stig Johansson sine velkjende ord:

Alla dessa dagar som kom och gick, inte visste jag att det var livet.

Hugs det, folkens! Ta vare på dagane – på livet!

Finn fram blanke ark – og lytt!

Du ska få en dag i mårå, som rein og ubrukt står

med blanke ark og fargestifter tel,

og da kan du rette oppatt æille feil i frå i går

og da får du det så godt i mårå kveld,

og om du itte greier det og æilt er like trist,

så ska du høre suset over furua som sist.

Alf Prøysen

IMG_7338-2

Høyrer du suset?

Det er 2014 som kjem – reint og ubrukt. Nyt det!

Image

Kommenter innlegget

Filed under Sitat, Songtekstar, Sund fornuft, Vinter

Vintersolkverv

Vintersolkverv. Det er vinter, sola var innom ein svipptur – og det er mykje som kvervlar rundt. Ofte kvervlar det til dømes store snøfiller i lufta på denne tida av året. Andre gongar er det hybelkaninar som kvervlar i takt med vaskefilla til alle som vaskar opp og ned og att og fram og rundt i desse dagar. Akkurat no er det stort sett ord som kvervlar rundt og gjer forsøk på å bli til Sund fornuft. Det let seg visst ikkje gjere,

…for nå kommer du og jeg og dompapen, heisan og hopsan og trallala

Alf Prøysen

– og vi vil gjerne tralle ei

Vise ved vintersolkverv

No sløkkes en dag som så vidt rakk å gråne
og vise fram landet ei skjømmingsblå stund,
og gjømt attom fjellan i aust står en måne
som snart skal strø sølv over fjorda og sund,
i sør ligg ei strime av lys over tindan
der dagen blør ut før han slokne førr godt,
og vi står igjen med oss sjøl og med minnan
i mørketidslyset der allting blir blått

Så kom og vær nær meg – vær sol i desember
når midtvinters-tanka tar rom i mitt sinn,
førr året må følle sin kurs og kalender
og stian blir tungtrødd når lyset førsvinn.
Men hold meg i handa og lær meg å vente
på solkvervingstimen då allting skal snu,
i mørketidslyset e varme å hente
førr den som har mot tel å trosse og tru

Ja, streif mine strenga og løys i meg tonen
tel landet som kvile ved midtvinterstid,
la mørketids-tankan og haust-depresjonen
få vike førr strofe av blå poesi.
Vi leve med rest av en sommar i minne,
i lengting mot daga vi ikkje har fått,
men kjem du meg nær skal vi solvarmen finne
i mørketidslyset der allting blir blått.

Helge Stangnes

Jul2

Éin kommentar

Filed under Dikt, Jul, Sitat, Sol, Songtekstar, Sund fornuft, Vinter, Vintersolkverv

Sund mat

There is no love sincerer than the love of food

– skal George Bernard Shaw ha sagt. Eller kanskje skrive…
Eg trur han var inne på noko. Kjærleik eller ikkje – eg er ein amatør med både matvett og Sund fornuft. Slikt blir det Sund mat av!

Assistenten er på plass – alt klart for kokkelering!

Bilde

Norske nypotetar – skrubba og klare til å synge duett med godt smør i kveldens oppsetting av Rustikk potetstappe – ein knollade.

Akkompagnement: kvitlauk og mjølk.

Bilde

Sprø gulrøtter møtte på audition, i håp om å få ei rolle. Dei enda opp med ei statistrolle. Hadde dei fått hovudrolla ville det jo ha vorte berre rot…

Bilde

Ingefær og kvitlauk var litt hissige etter møtet med eit rivjern av ein regissør…

Bilde

– men dei vart milde og snille etter eit langt og heitt møte med Sunniva og Tine:

Bilde   Bilde

Hovudrolla gikk til ein allsidig og venleg artist med fløyelsmjuk og fyldig røst:

Bilde

Aureka!

Bilde

Kommenter innlegget

Filed under Sitat, Sund fornuft

På ordklassereise

Ord…
Ta eit ord og grip tak i det.
Ordtak? Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Dikt, Songtekstar, Sund fornuft

Bla, bla, blad…

No tek eg bladet frå munnen og seier det som det er:

All you need is løv!

Bilde

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kvitring, Sund fornuft

Til Jørgen, Tora og alle vakre løvetannbarn der ute i livets blomstereng

Alf Prøysen la merke til det store i dei små tinga – i to like redde hender i skauen, i Jørgen som svarve hatter og i løvetannen i grøftekanten

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Dikt, Songtekstar, Sund fornuft