Tag Archives: Alf Prøysen

Ved vegskilje

Berre tida og vegen.

Tida.
Og vegen.
Fortida er trygt plassert attom oss – godt synleg om vi berre ser oss attende.
Framtida ligg rundt ein sving, så vi veit ikkje korleis ho ser ut.
Likevel er det dit vi skal.
Rundt svingen.
Inn i framtida.

Kanskje tida tek innersvingen på oss?
Eller kanskje nokon tek oss att der vi går?

Så gikk je sakte hemover, hæin nådde meg på vegen.
Vi gikk som vi var børrføtte mot livets hemlighet.
Vi leides gjønnom skauen med to like redde hender.
Vi sa itte et kløyva ord, men neiggu om vi gret.

Om mårån sku vi skjeljas i et kors ved vegaskjellet,
Og lykka kæin en itte ha i æill evindlighet.
Je bære såg i aua på’n og så såg hæin i mine.
Det var som dogg i måråsol, men neiggu om vi gret.

Frå Trassvisa hennes Tora av Alf Prøysen

Ta deg tid når du kjem til vegskilje.

Løft blikket.
Det er berre tida og vegen.
Og du.
Veg kryssar veg.
Tida står stille.
Det er du som må ta vegvalet.
Er du sikker på kva som er rett veg?
Det er fort gjort å ta feil – og då kan det gå rett vest…

rettvest

P.S.
Ta ein titt på skilta ved vegskiljet!

Advertisements

Kommenter innlegget

Filed under Songtekstar, Sund fornuft

På tampen brenn…

…himmelen!

Image

Men mest av alt brenn vi av tusenlapp på tusenlapp på tampen av året.

Image

Vi gjer opp status for året som har gått – og pussar støv av gamle nyttårsforsett.

Kanskje bør vi heller fram hente fram Stig Johansson sine velkjende ord:

Alla dessa dagar som kom och gick, inte visste jag att det var livet.

Hugs det, folkens! Ta vare på dagane – på livet!

Finn fram blanke ark – og lytt!

Du ska få en dag i mårå, som rein og ubrukt står

med blanke ark og fargestifter tel,

og da kan du rette oppatt æille feil i frå i går

og da får du det så godt i mårå kveld,

og om du itte greier det og æilt er like trist,

så ska du høre suset over furua som sist.

Alf Prøysen

IMG_7338-2

Høyrer du suset?

Det er 2014 som kjem – reint og ubrukt. Nyt det!

Image

Kommenter innlegget

Filed under Sitat, Songtekstar, Sund fornuft, Vinter